Bysamfunnet Florø i Flora kommune er den eldste byen i Sogn og Fjordane, grunnlagd 1860. Bind 1 i dette historieverket tek lesaren på ei reise frå dei eldste tider og fram til byen kom. Vi høyrer om Stakalleneset, der det var økseproduksjon i steinalderen. Om bergkunsten i Ausevika frå bronsealderen, som i dag er eit kulturminne av stor nasjonal verdi. Ytst i havgapet på Kinn vart det i mellomalderen bygd ei steinkyrkje, på ein stad som i dag ligg utanfor allfarveg. Men den gongen låg Kinn ved "riksvegen", og nær fiskefelta. Frå 1600-talet var Svanøya eit viktig sentrum, både som futegard, adelssete og frå 1800-talet eit samfunn av driftige haugianarar. Historia om Flora er rikt illustrert og gjev eit vidt innblikk i korleis forfedrane våre levde, både om levekår og næringsvegar. Livet på kysten av Sunnfjord har vore prega av både stagnasjon og framsteg, uår og velstandsår, krig og fred. Utgitt i samarbeid med Flora kommune.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282400589
Publisert
2012
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Serie
Historia om Flora
Vekt
2250 gr
Høyde
286 mm
Bredde
285 mm
Dybde
30 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
495

Forfatter

Relaterte produkter