Bygdebok for Lindås starta med Band 1 Myking sokn, som vart utgjeve i 1981. I 2000 kom Band 2 med Lygra og Hundvin sokn. Med utgjevinga av Band 3 og 4 vert dermed prosjektet med gards- og ættesoger for gamle Lindås kommune fullført, dvs slik kommunen var før kommuneutvidinga i 1964). Band 4 inneheld om lag 900 bilete, som gjev eit variert inntrykk av folk, arbeidsliv og kulturlandskap. Det er tabellar, figurar, kart og register i boka. Ho omhandlar gardane Saltneset, Syslok, Skornes, Finnesbø, Sirset, Verås, Kårdalen, Lauvås, Rossnes, Tjukkhetla, Sundsbø, Tvibergneset, Knarrvika, Hellestveit, Risa, Keilegavlen, Keilo, Hope og Mongstad. Boka startar med det første me har av skriftlege kjelder på 1300-talet. Kjeldene er særs sparsame før ein kjem til andre halvdel av 1500-talet. Brukarrekkjene går for det meste frå då og framover. Frå slutten av 1600-talet er det mogleg å finna ut slektssamanhengane, slik at det kan setjast opp anetavler som går attende til denne tida. Opplysningane i boka er førte fram til 2009.
Les mer
Bind 4 omfattar gards- og ættesoga for dei 19 gardane i den nordlege delen av Lindås sokn. Gardsrekkjefølga er i samsvar med nummereringa etter gardsnummer, slik at denne boka inneheld gardane frå gnr 109 til gnr 127. Det er tabellar, figurar, kart og register i boka.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788230313251
Publisert
2009
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Bodoni Forlag
Vekt
2648 gr
Høyde
285 mm
Bredde
220 mm
Dybde
40 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
690

Forfatter

Relaterte produkter