I denne boka tek forfattar Berit Vatne Vik (f. 1933) oss tilbake til barndomen hennar i Nordhordland. I korte forteljingar gjev ho lesaren glimt frå ei heilt anna tid - då det var synd for jenter å gå i bukser og størrelsen på garden avgjorde statusen din i bygda. Me får også vera med den unge strilejenta ut i «den store verda» - til huspost i Fana og lærarskule på Stord. Tekstane ligg tett opp mot novelleforma. Mange av dikta hennar er også samla i boka. Fleire av dei er skrivne på dialekt. "Då menneskeverdet vart rekna i kufôr" er illustrert med foto og forfattaren sine eigne teikningar og måleri frå 1940- og 50-talet. Berit Vatne Vik er vaksen opp i Seim i Nordhordland, men har vore busett på Osterøy dei siste 50 åra. Ho har gjeve ut sju romanar.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788269062618
Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Leirfuglen Forlag
Vekt
210 gr
Høyde
210 mm
Bredde
147 mm
Dybde
7 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
111

Forfatter