Under ein svart himmel med eit endelaust giftig regn, ligg det ein by styrt av ein eldgammal Orden. Her er noko i ferd med å skje som skal endre verda for alltid. Byfolket kvesser knivar i holene sine, vondt blod kokar i Ordenen, og framande kjem vandrande frå austlanda. Og i skjula sine vonar Skuggesjåarane at dei gamle spådommane snart skal bli sanna - spådommar om det store Mørket. Terje Sanders ambisiøse Science fiction-verk er ein kollasj av kolliderande skjebnar. På tre døgn ser vi nitten livsløp renne saman - frå den grublande borgherren som vakar einsam over riket sitt til den unge truande som leiter etter lagnaden. Unge og gamle, kvinner og menn, herskarar og trellar, alle blir dei delar av ei historie som er større enn dei sjølve, ei historie om urett, hemn, opprør, død, undergang - og kjærleik.
Les mer
Sidetall hentet fra første trykte utgave

Produktdetaljer

Publisert
2014
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter