Dette er andre boka av Robert Bly gjendikta av Odd Goksøyr. Forrige, «Den natta Abraham ropte til stjernene» fekk svært god omtale. «Ei gjendiktingsbragd» kalla Knut Ødegård (Vårt Land) boka, og for Bly-gjendiktaren Helge Torvund var ho ei av dei tre beste frå bokhausten (Dagbladet). Som i den første boka tek Bly utgangspunkt i ei gammal persisk diktform, henta frå persisk og arabisk tradisjon, ghazalen, og gjennom denne driv Bly sin djupt alvorlege leik med historie og kunst, mytar og religion, liv og død. Enno tydelegare enn i den første samlinga stig også mennesket Robert Bly fram, den aldrande poeten med eit forsonande og til tider muntert blikk på den naturlege døden, men også med glimt av den gamle anti-krigspoeten sin skarpe brodd. Boka har eit personleg etterord av Øyvind Vågnes om eit møte med Robert Bly.
Les mer
Etterord av Øyvind Vågnes

Produktdetaljer

ISBN
9788293272045
Publisert
2015
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Ura forl.
Vekt
128 gr
Høyde
182 mm
Bredde
146 mm
Dybde
9 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
85

Forfatter
Oversetter

Relaterte produkter