"Den natta hadde eg eit frykteleg mareritt. Eg drømte om Ringaren Quasimodo som sprang rundt oppe i kyrkjetårnet, krylrygga og krokbeint med stort, rufsete hår. I dei fryktelege spadehendene sine bar han Esmeralda som var heilt sanselaus. Rett før eg vakna, stod han øvst oppe i tårnet og såg redselsslegen utover kyrkjeplassen som låg ein stad langt, langt der nede, det var svimlande høgt å sjå ned. Opp imot han frå alle kantar storma sigøynarar og kongens menn og fremst av alle den grufulle Claude Frollo. Eg vakna vettskremt i det augeblikket da Quasimodo med Esmeralda i armane hoppa ut frå tårnet..." Kva har den 11 år gamle Hugo vori utsett for som får slike fæle mareritt? Dette er historia om det ulaglege namnet Hugo har fått, og om korleis han og vennen hans, Ramn, vart dei bitraste fiendar. Rakel Helmsdal, f. 1966 bur på Færøyane, "Dei kallar meg berre Hugo" er den første av fire bøker om ungguten Hugo. Ho har og skrive ei novellesamling for vaksne, og fire bøker i serien om "lille monster og Store Monster" saman med Áslaug Jónsdóttir og Kalle Güettler. Rakel Helmsdal arbeider òg med teater, ulike kulturprosjekt for unge, og som gartnar, bibliotekar og grafikar. Boka er omsett til nynorsk av Lars Moa MNO og passar for born i alderen 10 til 14.
Les mer
11 år gamle Hugo har et fryktelig mareritt om Ringeren Quasimodo. Dette er historien om det ulagelige navnet Hugo har fått, og om hvordan han og vennen hans, Ramn, ble de bitreste fiender. Dette er den første av fire bøker om unggutten Hugo.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788281630260
Publisert
2009
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kapabel
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
258

Forfatter
Oversetter

Relaterte produkter