Hordaland fylkeskommunale gymnas var den private mellomskulen, fødd i armod av Vestlandske Mållag, boren fram frå hand til munn av lærarar som kjende ansvar for landsungdom som elles berre møtte stengde dører. Gymnaset, med forgjengarane Den norske millomskulen og Den norske realskulen, drukna i 1965 i skulereformene der einskapsskulen, ungdomsskulen og dei vidaregåande skulane kom til. Landsgymnasa var på 1960-talet symbolet på alt vondt: Dei var eliteskular. Porten inn til dei var inntaksprøver og hardhendt poengteljing. Nokre av dei var også det som var endå verre: Dei var private. Dette er ei minnebok om ein skule og ei tid som ikkje må gløymast. Kvart ord er skrive av no litt aldrande menneske som levde nokre år på denne merkelege skulen, på pultar eller kateter. Boka er skriven i ei tid der den offentlege einskapsskulen får følgje av stadig fleire privatskular. Kanskje vi enno treng skular der kvar einskild ungdom har høve til å velja sin eigen veg?
Les mer
Boka inneheld tekstar som minnest Hordaland fylkeskommunale gymnas, skriven av personar som enten har vore elevar eller lærarar ved skulen. Bidragsytarane tar for seg tema som eliteskulen, skulearbeid og økonomi, hybellivet og tida og livet etter gymnaset.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788251407144
Publisert
2007
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Eide forlag
Vekt
830 gr
Høyde
290 mm
Bredde
215 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
128

Redaktør