Eit djuptpløyande portrett av ei verd i dramatisk endring I den tredje boka i Napoli-kvartetten, Dei som flyktar og dei som blir, har dei to jentene frå Mi briljante venninne og Historia om det nye namnet blitt kvinner. Elena giftar seg med ein akademikar og er ulykkeleg familiemor i Firenze, medan Lila kjempar for å overleve som lågtlønna fabrikkarbeidar, og tar del i 70-åras kamp for betre arbeidsvilkår og meir demokrati. Begge kvinnene har frå dei var barn forsøkt å unnsleppe livet i bydelen der dei vaks opp, eit liv i fattigdom og ufridom. No drøymer Elena likevel om det livet Lila har. Dei som flyktar og dei som blir er ein roman om to kvinners liv i Italia på 70-talet, tiåret prega av arbeidarkamp, klassereise og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre. Napoli-kvartetten er eit storverk om vennskap mellom kvinner, men dette er også forteljinga om Italia som nasjon og dei gjennomgripande endringane landet gjennomgår frå 1950-åra og fram til i dag. Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.
Les mer
Pseudonym

Produktdetaljer

ISBN
9788252188790
Publisert
2016
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Serie
Napoli-kvartetten
Vekt
598 gr
Høyde
212 mm
Bredde
143 mm
Dybde
41 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
500

Forfatter
Oversetter