Når ein sogning grip ordet, vert framstillinga lett prega av at "De'kje nøye om du lyge litt, berre praten gaor", noko som også er tittel på lydboka. Forfattaren og opplesaren vil på det sterkaste rå til at lyttaren tek innhaldet med ei klype salt. For ti år sidan gav Odd Njøs ut den første boka med stubbar og replikkar frå Sogn. Til saman har det vorte tre slike bøker i samarbeid med illustratøren Janne Nes. No har han redigert og lese inn dette stoffet med publikum i salen. Dette har blitt til ein dobbel-cd som forlaget gir ut i samband med 15-års-markeringa si. I cd-en ligg også ei lita bok som fortel om innsamlingsprosessen hjå det slagferdige folkeferdet i Sogn.
Les mer
Ei samling humoristiske stubbar og replikkar frå sognebygdene, henta frå bøkene "...berre praten gaor", "De'kje nøye om du lyge litt" og "Godt paosmurt"
2 CD-er

Produktdetaljer

ISBN
9788279590804
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
LydCD

Forfatter
Lest av

Relaterte produkter