DEN ANDRE - Kvinna i Berjaflotvegen (2016) er Øivind H. Solheim sin fjerde roman. Dette er ein bloggroman der ei kvinne og ein mann, begge i fast forhold med ektefelle/sambuar, skriv kvar sine bidrag til historia om det hemmelege forholdet deira. Gjennom 111 korte tekstar og like mange fotografi får lesaren forteljinga om korleis dei to opplever det som hender. DEN ANDRE - Kvinna i Berjaflotvegen gir lesaren innblikk i to sjeler som lengtar ut og som lengtar saman, ein situasjon der ingen løysingar er lette å velja og der ingen svar gir seg sjølv. Tekstane i DEN ANDRE - Kvinna i Berjaflotvegen snakkar til både kjensler og intellekt. Fotografia som står til kvar av tekstane gir kvart på sitt vis sine innspel til den samla lesaropplevinga. Boka har ein sentral episk tråd, og kan gjerne lesast i eitt langt drag, eller lesaren kan velja å stoppa opp og dvela ved kvar enkelt tekst og fotografi. Boka er nyskapande i form og innhald, og noko så uvanleg som ein roman som ser ut som ein krysning av diktsamling og bildebok. Boka kjem innbunden, i fargetrykk, 216 sider. Les meir om boka på nettsidene til forlaget, www.fiksjon.com.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788299784139
Publisert
2016
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fiksjonsforl.
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
211