Frå den vesle studien til den store tanken Jostein Fet set i sitt 91. år krona på eit unikt litteratursosiologisk forskingsverk. I 1978 hadde han i analysen av 16 287 arveskifte frå 1690-1839 registrert 14 199 bøker. Men Fet fann tidleg ut at svært mange bøker og skrifter aldri vart registrerte i skifteprotokollane, at bøkene i skifta berre var toppen av isfjellet. Små og slitne folkebøker, katekismer og forklaringar for barn, men også store familiebøker, som biblar og huspostillar, vart av ulike grunnar haldne utanfor skifta. Frå 1979 og fram til i år har Fet funne fram eit representativt utval på 609 bøker og skrifter trykte før 1840, alle hos private eigarar på Sunnmøre. Den eldste boka er frå 1549. Første del av Den gløymde litteraturen presenterer idéinnhaldet i dei viktigaste bokgruppene. Andre del er eit bibliografisk register, der Fet fortel korleis bøkene har vandra gjennom arv, gåver, auksjonar eller bytehandel, og det kjem fram kor høg posisjon bøker hadde i det gamle bondesamfunnet. Forord ved Ottar Grepstad.
Les mer
Forord av Ottar Grepstad

Produktdetaljer

ISBN
9788252188707
Publisert
2015
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
956 gr
Høyde
232 mm
Bredde
164 mm
Dybde
51 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
583

Forfatter