Som liten gut i 1943 høyrde eg soga om ein russisk krigs-fange-rømling - som fars fetter hadde berga i skjul for tyskarane - oppe på fjellet i ei av sine jakthytter. Denne soga var guds reinaste sanning og alle i bygda hugsar den. Russaren forlét Ryfylke og Norge - då freden kom i 1945. Og seinare har ingen høyrt noko - om kor det blei av han. Kor enda Igor? - denne flotte - vakre og svært høge mannen. Igor var ein urimeleg hard råtass av ein krigar - elles hadde han ikkje greidd å røma frå tyskarane - sa folk! Igor var i tillegg ateist og gudsfornektar - så ja - gudbetre - han kom seg vel heimatt - og gjekk så til grunne i sitt eige moralsk forderva ateistiske samfunn! Ikkje noko stor undring å spore i den soga altså - for Satan kjenner jo sine - og han tek også glupsk og grådig hand om alle fråfalne.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788230011829
Publisert
2015
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kolofon
Vekt
1360 gr
Høyde
247 mm
Bredde
182 mm
Dybde
45 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
648

Forfatter

Relaterte produkter