Den illustrerte boka fortel historia om norsk, kunstnarleg illustrert skjønnlitteratur. Forfattaren startar med dei eldste handskriftene frå 1200-talet, ser på dei første trykte, illustrerte norske bøkene, og endar opp i dagens digitale verd. Dette er første gong forholdet mellom norsk kunst og litteratur blir behandla i eit oversiktsverk. Illustrasjonskunst har tradisjonelt ikkje vore vurdert på høgde med annan kunst. Men illustrert tekst har funnest like lenge som skriftspråket, og sjangeren illustrert bok er rik og omfattande. Denne boka omtalar over 250 norske biletkunstnarar og 330 illustrasjonar frå sentrale verk i norsk bokhistorie. Den er skriven for alle som er interessert i litteratur og kunst, både den allmenne lesaren og dei som har litteratur og kunst som yrke: studentar, lærarar, forfattarar, kunstnarar, forlagsfolk og kritikarar.
Les mer
Boka tar for seg norsk kunstnarleg illustrert skjønnlitteratur, frå dei eldste handskriftene frå 1200-talet, dei første illustrerte norske bøkene, og fram til dagens digitale verd. Boka fortel om over 250 norske biletkunstnarar og 330 illustrasjonar frå sentrale verk i norsk bokhistorie. Har person- og saksregister.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788274774704
Publisert
2011
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Unipub forl.
Vekt
1790 gr
Høyde
285 mm
Bredde
238 mm
Dybde
32 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
361

Forfatter