Ekstremisme og ytringsfridom gjennom 30 a.r. I 1989 fall Berlinmuren, og Odd Isungset var i Tyskland for a. dekkje hendingane. Det var feststemning i landet, og framtidsoptimismen voks i heile den vestlege verda. Samtidig var ein ny og usynleg mur i ferd med a. bli bygd opp lenger aust. Det same a.ret bad Irans a.ndelege leiar ayatolla Khomeini alle muslimar om a. ta livet av forfattaren Salman Rushdie og alle forleggjarane og omsetjarane hans. Fire a.r seinare gjekk forleggjar William Nygaard ut av huset sitt i Oslo og blei treft av tre skot. Det var den første islamske terroraksjonen pa. norsk jord, og Isungset følgde saka gjennom mange a.r. I 2008 laga han ein TV-dokumentar som førte til at kriminalsaka blei gjenoppteken, og no er fleire personar sikta i saka. I boka Den usynlege muren trekkjer Isungset linjene fra. murens fall og dødsdommen i 1989 til karikaturstriden i 2006 og fram til i dag.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter