"Nokre få gonger i livet drøymde Sigurd at han kunne spela piano. Spela kunne han i vaken tilstand også, og betre enn mange andre, det var ikkje det, men i draumen vart spelet hans forløyst. Tonane trilla ut av han, fall, rasa, eller dei song i han, slik at han gløymde kven han var, eller tykte han blei ein annan. Det han skapte med hendene på klaviaturet, var ikkje berre vakkert, i draumen, det var også sant. Utan at han trong streva for det, opna han seg, innover i seg sjølv og ut mot verda, og endå om han ikkje hadde tenkt eller planlagt noko, sa tonane hans det gode og rette om livet og menneska. Tonane som han sjølv spela, lyste inn i han, knytte opp dei vonde knutane hans i rasande fart, bar med seg ei uforklarleg glede og løfta han inn i ein tilstand han ikkje visste han kunne nå." I dei åtte novellene i "Den vesle pianisten" finst gutungar, ungdomar og vaksne menn som leitar etter eit eige språk, borte frå heimen og bygda, i skrifta eller musikken. Dei lengtar etter ord som kan forløysa noko i dei, ord som kan forbinde dei til andre menneske, ord som kanskje ikkje finst. Reiser dei ut, er dei framande; vender dei heim, er det ikkje nokon heim å finna. Lars Amund Vaage opnar opp eit stort rom for karakterane sine. I ein både stringent og sølvklår, rytmisk og lyttande prosa skriv Lars Amund Vaage om ambivalensen i menneskelege relasjonar, om sorga over språkløysa og om det plutselege svevet i ein vellukka komposisjon.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788249518005
Publisert
2017
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Oktober
Vekt
347 gr
Høyde
213 mm
Bredde
139 mm
Dybde
23 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
222

Forfatter

Relaterte produkter