Vi er i Hellas i år 330 før vår tidsrekning. Visste du at grekarane dreiv idrett for å heidre gudane? Og at hæren heile tida var på jakt etter gode soldatar blant idrettsutøvarane? Korleis trur du det går med Theodor, som heller vil vere idrettshelt enn soldat? Historier i samfunnsfag gir deg innblikk i korleis det var å leve i ulike periodar av verdshistoria. Ti spennande historier som strekker seg frå steinalderen til renessansen tek lesaren med på ei magisk tidsreise. Alle historiene finst på tre forskjellige lesenivå og som digitale bøker med innlesen tekst. Bøkene inneheld ei spennande historie og interessante faktasider. Det er òg mogleg å supplere med frittståande bøker for å tilpasse behovet til skulen ytterlegare. I Historier i samfunnsfag Klassesett får du ei fysisk bokpakke med 10 bøker på lett lesenivå, 10 bøker på middels lesenivå og 10 bøker på høgt lesenivå. Dette gir læraren moglegheit til å drive differensiert undervisning i klasserommet på ein måte som inkluderer og passar alle. Kombinerer du klassesettet med Historier i samfunnsfag Digital lærarressurs, får du dessutan tilgang til spennande undervisningsopplegg og materiale som gjer opplevinga og arbeidet med bøkene endå rikare.
Les mer
Undertittel "nivå 3" angitt med symboler på tittelsiden

Produktdetaljer

ISBN
9788211037602
Publisert
2020
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Aldersnivå
Institusjonsvarer, 9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Skolemateriell

Illustratør