«Anna står framfor det fine, gamle maleriet av eit esel med vingar. Ho frys, ein kald gufs slår mot henne frå dei rå murveggane i det gamle slottet. Plystring frå ein kjent song trengjer inn i øyra til Anna der ho står: «Mon coq est mort, mon coq est mort...» Plutseleg bryt ein skarp, skingrande lyd inn i plystringa. Alarm! Er det brannalarm? Tjuverialarm? Anna må finne mor og far, ho strammar bandet til Kaspar. I bandet er det ingen motstand. Anna ser forskrekka på bandet. I andre enden heng halsbandet til Kaspar. Men ingen Kaspar. » Dette er den andre boka i serien om Anna og hunden hennar Kaspar. Denne gongen er dei i Frankrike, i ein liten borgby ved Middelhavet. På toppen av denne borga ligg det eit 700 år gammalt slott. Anna er på omvisning i dette slottet då det plutseleg hender noko - og Anna og Kaspar er igjen midt oppi eit nytt mysterium. Parallelt med dei mystiske hendingane Anna opplever, møter vi Bastien, ein gut som bur i denne borga i tida rundt den franske revolusjonen. Bastien får eit oppdrag. Anna og Namira, ei jente ho blir kjent med i den vesle borgbyen, gjer ei oppdaging i det gamle huset Namira bur i - ei oppdaging som blir til god hjelp når dei til slutt nøstar opp i slottsmysteriet. Men først held vi pusten av spenning saman med Anna, Kaspar og Namira mens dei kjem ut for farar og utfordringar.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788269094145
Publisert
2018
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Olla forl.
Serie
Anna
Vekt
252 gr
Høyde
225 mm
Bredde
148 mm
Dybde
8 mm
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
136

Forfatter

Relaterte produkter