Anna er på haustferie i Frankrike. Saman med hunden sin Kaspar, mor og far, bur ho i eit lite hus i ein borgby ved Middelhavet. I byen ligg eit 700 år gammalt slott. Anna er på omvisning i dette slottet då det plutseleg hender noko - og Anna og Kaspar er igjen midt oppi eit mysterium. Samtidig blir Anna kjent med Namira og broren hennar Kasim som bur i eit gammalt murhus i borgbyen. Far deira pussar opp, og inni ein nedriven murvegg finn dei eit fleire hundre år gammalt dokument. Dette mystiske dokumentet fører dei på leiting etter ein gammal løyndom. I boka følgjer vi også dokumentet bakover i tida, til den franske revolusjonen, der vi treff Bastien, og får vite kvifor dokumentet er gøymt i murveggen. Anna, Kaspar og venene deira bestemmer seg for å finne ut av begge mysteria, men det skal vise seg at det kan bli både farleg og utfordrande.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788293798057
Publisert
2021
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Olla Forlag
Serie
Anna
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Lydfil

Forfatter
Lest av

Relaterte produkter