GODE LESAR! Diktsamlinga vil eg hevde er strukturert og tematisk ordna, der det poetiske element på mininivå er kopla til ei heilskapslöysing. Mitt engasjement i poesien kom til i ein periode med forfattargenerasjonar som sökte feste for ei meiningsdanning, av politisk, sosial eller eksistensiell karakter. Ei reell livshaldning er sökt, ein erfart og önskja tilstand, min meiningsfilosofi, mynta ut som tilnærma meditasjonsakter, der forsoning, einskap, heilskap er sett i forgrunnen. Eg er opphaveleg frå Hå kommune på Jæren. Er no ein s.k. mogen mann kanhende, eit alderssteg der tilbakeblikket veg tungt! Eg har lang fartstid m.o.t. fokus på poesi som fenomen. Eitt perspektiv på det: I min ungdom, 18 år, vann eg ei pristevling på nasjonalt nivå for ungdomar under 21 år, eg var finalist ved ein litteratur- og kulturfestival 3 år seinare, og eg har hatt dikt i «Dagbladet», i «Syn og Segn» og i «Vinduet». Eg har elles vore l.rar ved gymnas og forskar ved Lunds universitet i Sverige (Sör-Sverige, Skåne), der eg disputerte med avhandlinga, kalt «Symptombærer og symptomlöser. Arne Garborgs vei til et varig livssyn (1851-1894). En psykologisk studie. Metode & Analyse». Avhandlinga er tilgjengeleg bl.a. ved Oslo universitetsbibliotek. Frå Oslo universitet har eg dei tre faga sosiologi, kriminologi og pedagogikk, alle tekne som grunnfag.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788230018262
Publisert
2018
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kolofon
Vekt
263 gr
Høyde
180 mm
Bredde
180 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
127

Forfatter

Relaterte produkter