Kvalitet er det samlande omgrepet i denne antologien basert på artiklar og posterar presentert på Fjordkonferansen 2013. Kvalitet er eit mykje brukt omgrep og blir tolka og forstått på ulike måtar. Kvalitetsomgrepa nytta i artiklane er sterkt farga av faglege tradisjonar vi finn i forskings- og utdanningsmiljøa på Nordvestlandet. Sentralt står spørsmålet «Kva er kvalitet?» og med særleg vekt på: (1) Kvalitetsvurdering: For å vurdere om noko er bra eller dårleg må ein ha eit samanlikningsgrunnlag. (2) Kvalitetsstyring: For betring av kvalitet må ein leie eller styre prosessar og tiltak med grunnlag i vurdering av kvalitet. Fjordkonferansen er samlingsstad for utveksling av kunnskap og erfaringar og skal bidra til nettverksbygging mellom fagmiljøa i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282850780
Publisert
2014
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Forlag1
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Flerspråklig
Format
Product format
Heftet
Antall sider
435