Dette er ei ny og revidert utgåve av boka Dei norske dialektane (1997). Endringane i forhold til den førre boka er så store at boka nå har fått ein ny tittel. Norsk talemål er prega av stor variasjon, det gjeld både geografisk og sosial variasjon. Dialektar i Noreg dreier seg i all hovudsak om den geografiske variasjonen me finn i talemålet, og forfattaren gjev eit oversyn over tradisjonelle særmerke i norske dialektar. Boka drøftar årsakene til at talemålet endrar seg, og gjev opplysningar om dialektutviklinga i Noreg dei siste tiåra. Boka tek også for seg generelle endringar i bymåla våre. Forfattaren refererer ulike syn på korleis ein best kan få til ei inndeling av dialektane. Mot slutten av boka er det ei oppsummering av dei tradisjonelle språklege særdraga me finn innafor ulike delar av det norske målområdet. Totalt sett tek boka opp fleire disiplinar innafor norskfaget, både norrønt, dialektkunnskap og språkhistorie. Dialektar i Noreg er meint å kunna brukast som lærebok eller hjelpebok i dialektkunnskap og språkhistorie for studentar i norsk språk på universitet og høgskular. Ho kan også høva som oppslagsbok for alle som er interesserte i norske dialektar.
Les mer
Boka dreier seg om den geografiske variasjonen vi finn i norsk talemål og ho gir eit oversyn over tradisjonelle særmerke i norske dialektar. Den drøftar årsakene til at talemålet endrar seg, og gir opplysningar om dialektutviklinga i Noreg dei siste tiåra. Boka tar også for seg generelle endringar i bymåla våre. Den har målgeografiske kart, og er meint å kunne brukast som lærebok eller hjelpebok i dialektkunnskap og språkhistorie for studentar som studerer norsk på universitet og høgskular.
Les mer
Ny og revidert utgave av Dei norske dialektane, 1997

Produktdetaljer

ISBN
9788276346831
Publisert
2005
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Høyskoleforl.
Vekt
448 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
13 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
225