Korleis hindre djevelen frå å kome tilbake? Slik går skriftet om Djevelens avkom: Når denne boka blir opna, vil det skje. Da er tida inne. Kjære lesarar: De er hjelparane. De skal mane barnet mitt fram. Her. På denne staden. Frøet er planta allereie. Det spirer. Det gror. Men ingen ser. Ingen høyrer. Hjarteslaga til det svarte fosteret. Hysj. Høyr. Kor vart og stille hjartet bankar. Ein mystisk familie, kledd i gamaldagse klede, flyttar inn i nabohuset til Onu. Inne i ei grotte finn Onu og klassekameratane Alex og Irmelin svarteboka til Djevelen. I boka blir det fortalt om det svarte fosteret. Det nærmar seg Valpurgisnatt, natta då djevelen skal fødast på ny. Kva har den nye og merkelege nabojenta Regina med dette å gjere? Og kven i bygda er til å stole på? Djevelen vil alltid finne deg er noko så sjeldan som ein samfunnskritisk og gysande grøssar der lesaren sjølv må vere detektiv og finne djevelen.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252197389
Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
310 gr
Høyde
211 mm
Bredde
136 mm
Dybde
19 mm
Aldersnivå
12-16
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
197

Forfatter

Relaterte produkter