Ein kontroversiell dyrlege blir sporlaust borte i Lom. Ein ungdomsskulelærar har vore i klammeri med henne på grunn av ei hundeavliving. I Fredrikstad sit ein eks-ektemann som kanskje har eitt og anna å hemne. Etter kvart ser det ut til at den sakna kvinna har fiendar både her og der. Samstundes, på fjellgarden Tusshaug i Bøverdalen, går ein ulykkeleg bonde og skuler, ugjestfri og uvennleg mot alt og alle. Hentebrura hans frå Russland vantrivst både med han og den avsidesliggjande garden. Så blir det oppdaga eit kvinnelik i ein bekk på eigedommen hans. Det er september og jakttid, og dei første hauststormane har sett inn. Sylfest Seljestad og Jørgen Vold får ei ny, vanskeleg sak å oppklare. Spora går i alle retningar og ein dyktig mordar ser ut til å klare å overliste dei. Enklare blir det ikkje då soknepresten i Lom, Einar Gelius, gjer ei skremmande oppdaging midt under ei jordfesting.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252187458
Publisert
2015
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Serie
Sylfest Seljestad og Jørgen Vold
Vekt
360 gr
Høyde
205 mm
Bredde
130 mm
Dybde
26 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
316

Relaterte produkter