Nils-Aslak Valkeapää er ein av dei framste og mest banebrytande samiske kunstnarane gjennom tidene. Han debuterte som forfattar med Terveisia Lapista (Helsing frå Sameland), som blei gjeve ut på finsk i 1971 og utkom for fyrste gong på nynorsk på Pax Forlag i 1979. Her tek forfattaren eit kraftig oppgjer med Vesten og overgrepa og fordommane det samiske folket har blitt utsett for, og han kjem med skarp kritikk av politikken storsamfunn og styresmakter har ført overfor samane. Forfattaren krev retten for samane til å leve på eigne vilkår òg på sitt eige landområde, verne om kulturen, men òg utvikle og fornye han. Bodskapen i naturen, tenkjesettet til urfolk og deira forståing av verda er omdreiingspunktet i forfattarskapen og kunsten til Valkeapää. I korte, tematiske kapittel (som til dømes «Dazza», «Joik» og «Mors mål») går han tett på samisk identitet, kultur og livsførsel. Sjølv om boka er 50 år gammal, er ho diverre framleis like aktuell, i lys av pågåande «grønn kolonialisering», kulturell undertrykking og øydelegging av landområde i Sápmi den dag i dag.
Les mer
1. norske utgave 1979

Produktdetaljer

ISBN
9788253043456
Publisert
2022
Utgave
2. utgave
Utgiver
Vendor
Pax
Vekt
173 gr
Høyde
210 mm
Bredde
149 mm
Dybde
11 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
126

Oversetter