I løpet av 60 år forlet om lag 760 honndøler heimbygda for å søkje lykka i Amerika. Dei slo seg ned i Midtvesten som farmarar eller innbyggarar i småbyane. Dei drog vestover til Stillehavskysten, oppover til gullgravarbyane i Alaska og til prærieområda i Canada. Etter kvart enda mange i store byar som Minneapolis, New York, Seattle og San Francisco. Boka fortel om tilhøva i Hornindal kring midten av 1800-talet, om oppbrotet frå heimegrendene, reisa over havet og om det nye livet i Amerika. Boka inneheld korte biografiske opplysningar om storparten av dei utvandra, samt oversikt over alle dei som kom tilbake og overtok gardsbruk. Dette var personar som drog til Amerika for å tene seg pengar som dei kunne setje inn i farsgarden. Det vert fortalt om banda som i lang tid var levande mellom dei utvandra og landet dei forlet. Innhaldet i boka er illustrert med om lag 300 bilete, kart og teikningar. Dei fleste er av personar som vandra ut, av familiane deira og stadene der dei slo seg ned.
Les mer
Sammendrag på engelsk

Produktdetaljer

ISBN
9788282400664
Publisert
2013
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
207

Forfatter