Før i tida vart ølet brygga på gardane - svakt øl til tørstedrikk, sterkare øl til høgtid og fest. I heile Trøndelag var øl frå gammalt av sentralt i samkommer og lag, både ved dei årlege høgtidene og ved merkedagane i livet. Til oppbevaring og frakt, og som drikkekar for øl, var tre det mest vanlege materialet. Drikkestellet for øl er prestisjefylte gjenstandar som oftast har dekorative detaljar i både utforming og overflatedekor. Gjenstandane som blir presenterte i denne boka, er henta frå ei omfattande registrering gjort i Trøndelag i åra 2008-2010. Boka er delt inn i tre hovudkapittel: bryggekar, skjenkekar og drikkekar. Eit eige kapittel er vigd ølbrygginga slik at den kunnskapen òg blir teken vare på. Boka skal vera til inspirasjon blant anna for handverkarar som ønskjer å skapa nye produkt med rot i den gamle kulturen. På same tid er ho ei flott fagbok til nytte og glede for alle som er interessert i øltradisjonane våre.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788283050080
Publisert
2014
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Museumsforl.
Vekt
1664 gr
Høyde
285 mm
Bredde
238 mm
Dybde
25 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
320

Forfatter