Radøy kommune såg dagens lys gjennom eit «tvangsvedtak» i 1963. Då vart Hordabø, Manger og Sæbø kommunar, saman med Slettagardane, Straume, Fesøy og Bognøy slått saman til éin kommune. I dag kan me slå fast at utviklinga i den nye Radøy kommune gjekk mykje betre enn skeptikarane trudde for femti år sidan. I 2014 vart Radøy kommune kåra til den beste barne- og ungdomsskommunen i landet. Det gjer at me kan gå framtida trygt i møte, også ved inngangen til ei ny mogleg kommunesamanslåing. Jubileumsboka du held i hendene har me kalla «Eg likar Radøy best», eit sitat frå Radøy-songen, skriven av Petter Morken. Boka gjev eit innblikk i utviklinga i Radøy dei siste 50 åra. Her får du mykje kunnskap om kommunen, krydra med gode historiar og mange bilete frå gamal og nyare tid. Me kan vera stolte av kommunen og historia vår, og me håpar at radværingar og andre interesserte vil vera stolte av jubileumsboka.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788253303253
Publisert
2014
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Radøy kommune
Vekt
1115 gr
Høyde
287 mm
Bredde
217 mm
Dybde
19 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
200

Relaterte produkter