Boka handlar om eigedomshistoria i Noreg i eit rettsleg perspektiv. Temaet er eigedomsrettar frå 1600-talet fram til notida. Forfattaren viser blant anna at kva som vert rekna som eigedom og kva konsekvensar det har å vere rekna som eigar, varierer over tid og etter kva stad ein studerer. Hans Sevatdal gjekk bort den 12. september 2015, 75 år gamal. Sevatdal var sidan 1966 tilsett ved Noregs landbrukshøgskule, no Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU). Han vart dr.scient. i 1972 og professor i jordskifte i 1980. Han arbeidde særleg med eigedomshistorie, eigedomsteori og jordskifte. Sevatdal var nesten ferdig med manuset til boka ved bortgangen sin. Etter felles innsats frå fleire bidragsytarar har Sky og Berge ferdigstilt boka slik vi vonar Sevatdal ville likt å sjå den.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788215027807
Publisert
2017
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Universitetsforlaget
Vekt
1147 gr
Høyde
248 mm
Bredde
177 mm
Dybde
28 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
486

Forfatter