I boka «Eikesdalen - det finst berre ein» finst forteljingane om naturen som grunnlag for kultur, om menneska i samspel med naturen, om dei små detaljane, om dei vare og vakre augneblinkane, om dei store samanhengane og om dei lange linjene. Eikesdalen er rekna som eit særeige, grøderikt og eksklusivt naturgjeve spisskammers med uvanleg godt klima, og er truleg eit av dei områda i landet som mennesket kom tidlegast til. I vår næraste forhistorie gjekk folket her saman med naturvernarar for å forsvare naturresursane i dalen sin, i det som vart til Mardølaaksjonen i 1970 . Dei var med dette med på å endre kursen på etterkrigstidas ustoppelege kraftutbyggingspolitikk. Artiklane i boka er skrivne av natur- og kulturvitarar, biologar og arkeologar og ein villreinforskar, som alle har det til felles at dei elskar Eikesdalen. For det finst verkeleg berre ein.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788299826044
Publisert
2016
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Blomsterhaug
Vekt
850 gr
Høyde
270 mm
Bredde
215 mm
Dybde
17 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
185

Relaterte produkter