Eiksundsambandet er det ferjefrie sambandet mellom øyane på ytre Søre Sunnmøre og fastlandet i Ørsta/Volda. Planlegging av dette sambandet tok til i 1960-åra, men først etter tretti år med førebuing og politisk kamp vart planen godkjend av Vegdirektoratet i 1997. Tre år etter gjekk prosjektet gjennom i Stortinget, og sambandet vart bygd i åra 2003-2008. Eiksundsambandet er 15 kilometer med veg, bru og tunnel. Mest kjend er den 7765 meter lange undersjøiske tunnelen mellom øya Eika i Ulstein kommune og Sørheim på fastlandet i Ørsta kommune. Dette var ved opninga 23. februar 2008 verdas djupaste undersjøiske tunnel, heile 287 meter under havoverflata på det djupaste. Denne boka fortel om den seige kampen for å gjennomføre prosjektet, mot mange odds, og om den suksessen Eiksundsambandet er blitt. Trafikken har vore langt større enn venta, både når det gjeld pendling, tungtrafikk og fritidsreiser. Dei 43.000 innbyggjarane i "Eiksund-regionen", Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda er knytt tettare saman. Eiksundsambandet har saman med Kvivsvegen mellom Volda og Hornindal (opna i september 2012) skapt ein ny reiseakse frå ytre Sunnmøre til indre Nordfjord og vidare austover.
Les mer
Har sammendrag på engelsk.

Produktdetaljer

ISBN
9788282400602
Publisert
2012
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja forl.
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Flerspråklig
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
299

Oversetter