Forteljinga om grunnleggjaren av nynorsk forlagsverksemd. Mons Litleré (1867.1895) var forleggjar, bokhandlar og avisredaktør. Sunnfjordingen er den eigentlege grunnleggjaren av nynorsk forlagsverksemd, sjølve pioneren i produksjon og spreiing av bøker på landsmål på slutten av 1800-talet. Han samarbeidde med dei kjende forfattarane i si tid, blant andre Arne og Hulda Garborg, Knut Hamsun, Per Sivle, Jens Tvedt, Rasmus Løland, Vetle Vislie, Anders Hovden og Hans Seland. Det var Knut Hamsun som i eit brev skrytte av den unge forleggjaren og kalla Litleré «ein driftig djevel». Dette er den første fullstendige framstillinga av kva Mons Litleré fekk til i Bergen på sine knappe ti år som forleggjar og avisredaktør. Mons Litleré hadde bokhandel i Strandgaten i Bergen og var redaktør for Firda. Den unge landsmålsformidlaren døydde berre 28 år gammal. I det korte livet sitt rakk Litleré å gi ut kring 115 bøker, av dei var 80 på nynorsk. Pionerarbeidet hans har vorte ståande som eit føredøme for seinare nynorsk bokproduksjon. Litleré døydde av leverkreft. Same året døydde også kona hans, og paret etterlét seg tre små barn.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252195552
Publisert
2018
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
556 gr
Høyde
232 mm
Bredde
160 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
234

Forfatter