Edvard G. Johannessen (1848-1922), eller Edvard Alme som han kalla seg i litterær samanheng, var ein fin måldyrkar og ein framifrå umsetjar. Han gav ut fleire verdfulle attdiktingar av både Goethe og Shakespeare, Lord Byron og Robert Burns. Då utvalet hans med Shakespeare-sonnettor vart prenta for fyrste gong i 1918, meinte Halvdan Koht at dei norske tekstane var «minst likso elegante og malmfaste» som dei engelske. Og meldaren i Haugesunds Avis tykte at «det litt arkaistiske landsmaal oversætteren bruker passer glimrende til at gjengi Shakespeares stil». Berre 19 år gamal var Edvard G. Johannessen med på å skipa Vestmannalaget i 1868, og han vart verande lagsmann i heile 54 år. Formann var han frå 1879 til 1908. I høve av 150-årsdagen for Vestmannalaget 21. januar 2018 sender forlaget ut ei ny utgåva av den no 100 år gamle diktboki. Etterordet er av Jon Askeland, formann i Vestmannalaget i jubileumsåret.
Les mer
1. utg. Bjørgvin : Madsens Bokhandel, 1918

Produktdetaljer

ISBN
9788278340530
Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Bodoni
Vekt
120 gr
Høyde
195 mm
Bredde
135 mm
Dybde
5 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet