Ein gong var dei ulvar er ei samling noveller om menneske som møter noko nytt og ukjent i liva sine. Tekstane utforskar kva som skjer når folk blir pressa langt, av andre, av seg sjølv, av dei uventa retningane livet kan ta. Allereie den første setninga grip tak i lesaren: «Det hadde regna og tora i ti dagar. Husa rundt hans stod tome og mørke, og fukta la seg som eit lag på huda og gjorde det tungt å puste. Kanskje var det berre han og Inger-Marie att i bygda, tenkte han.» Dei seks tekstane har stor tematisk spennvidde: Ei ungjente går rundt i bygda ein sommarkveld og kjenner på saknet etter systera, som har fått kjæraste og er ute og festar. Tre ungar er åleine i ei leilegheit midt i jula, og straumen forsvinn. Ei kvinne får sparken, og merkelege ting skjer med kroppen hennar. Ein leigemordar sit i en bil utanfor eit hus og ventar på offeret sitt.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788203361814
Publisert
2017
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Aschehoug
Vekt
379 gr
Høyde
213 mm
Bredde
139 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
265

Forfatter