Einar Seim (1885-1978) frå Kinn i Sunnfjord er kalla «Noregs lærdaste bonde» både av pressefolk og professorar. Han var ein mann med uvanleg mange interesser og store kunnskapar. Mellom anna samla han nær 20 000 norske ordtak, og han omsette Koranen til nynorsk. I 1934, 1938 og 1949 reiste han til Shetland for å samle gamle norn-ord, stadnamn og folkeminne. Lengste tida brukte han på Foula, den mest isolerte øya på Shetland, der han fann mange ord etter det gamle norrøne språket og minne som tydeleg viser slektskapen mellom Noreg og Shetland. Etter kvar reise laga han ein stor handskriven protokoll med reiseskildringar og eigne foto. Denne boka inneheld Einar Seim sine skildringar og bilete frå "det gamle" Shetland. Lesaren får eit eineståande innsyn i den gamle levemåten og kulturen som framleis var høgst levande då Seim var der. Boka inneheld også ein biografi om Einar Seim. Boka er rikt illustrert, i stor grad med Einar Seim sine eigne bilete frå Shetland.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282401036
Publisert
2016
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja forl.
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
192