Historia om Norsk kulturråd er historia om korleis Gerhardsen-regjeringa etablerte eit eige rom utanfor politikken, der eit råd av kunstnarar og kulturpersonlegdomar sjølvstendig skulle få forvalte ein eigen post på statsbudsjettet. Det har alltid stått strid om Norsk kulturråd, mellom anna fordi institusjonen er blitt plassert midt i krysselden for nokre av dei mest grunnleggjande motsetnadene i det norske samfunnet: motsetnaden mellom elitekultur og folkekultur, mellom by og land, mellom ekspertar og folkevalde, mellom kunstens fridom og krava til kunsten. Historia om Norsk kulturråd er difor samstundes ei historie om framvoksteren av det moderne Noreg. Om frykta for fjernsynet og kva som ville skje med norsk kulturliv når alle norske heimar fekk TV, om korleis populistar på Stortinget seinare spotta forfattarar og Kulturråd ved å lese høgt frå den modernistiske lyrikken, og om korleis Framstegspartiet stadig har drøymt om å høgtrykksspyle Kulturrådet «rent for spindelvev».
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252187311
Publisert
2015
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
1390 gr
Høyde
232 mm
Bredde
219 mm
Dybde
34 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
366

Forfatter