Kan oljefondet vare evig? Oljefondet er i dag det største fondet i verda. Handlingsregelen er meint å sikre fondet til evig tid. Slik er det ikkje lenger. Noverande regjering legg opp til ein pengebruk som kan føre til at fondet er tomt i løpet av nokre tiår. Morten Søberg, samfunnsøkonom og tidlegare statssekretær i Finansdepartementet, stiller i denne boka eit heilt sentralt spørsmål for nasjonen Noreg: Kan oljeformuen vår tryggjast til evig tid? Søberg startar i 1969. Dette er året då Ekofisk-feltet blei funne i Nordsjøen og den norske økonomien blei forandra radikalt. Det er også året då han sjølv blei fødd. I Ekofisk, Eidsvoll reflekterer Søberg over korleis hans eiga historie er samanbunden med historia om Oljefondet. Han går tilbake til gamle arkiv for å sjå kva statsmenn tidlegare har tenkt om grunnlov, statsfinansar og handlingsreglar. Han reiser til Karibia, Tyskland og USA. Og på vegen rekonstruerer han si eiga slektshistorie, soga om ein tysk kjøpmann som endar opp med å gi lån til den svenske staten - ein formue som til slutt går tapt. Ekofisk, Eidsvoll er eit dristig og velformulert innlegg i debatten om Noregs framtid, frå ein av Noregs mest originale essayistar.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252193879
Publisert
2017
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
300 gr
Høyde
211 mm
Bredde
137 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
114

Forfatter