Aarflots prenteverk var det første trykkeriet som låg på landsbygda i Noreg, utanfor det kulturelle og politiske sentrum. Litteratursosiologen Jostein Fet (f. 1924) har utarbeidd ein kronologisk ordna bibliografi over 716 bøker, småtrykk, tidsskrift, aviser, høvestrykk, almanakkar og himmelbrev som vart prenta på Aarflots prenteverk i perioden 1809.1935. Bibliografien gir eit unikt innsyn i kulturelt og intellektuelt liv i distriktet og landet. Fet flettar inn biografiske skisser, viser til samtidige hendingar og bøker i inn- og utland og gir perspektivrike og ofte underhaldande kulturhistoriske kommentarar både i djupna og breidda. Av Jostein Fets mange artiklar og bøker har særleg Lesande bønder (1995) og Skrivande bønder. Skriftkultur på Nord-Vestlandet 1600.1850 (2003) hausta mange lovord i inn- og utland, og han vart i 2006 tildelt den nystifta Forskarprisen på Høgskulen i Volda.
Les mer
Ein kronologisk ordna bibliografi med 728 bøker, småtrykk, tidsskrift, aviser, høvestrykk, almanakkar og himmelbrev, prenta på Aarflots prenteverk i perioden 1809-1935. Trykkeriet var det første som blei etablert på landsbygda i Noreg, og gir difor eit unikt innblikk i intellektuelt og kulturelt liv frå denne tidsepoken. Har register, personregister og litteraturliste.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252169386
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
494

Forfatter