Tenk deg at det innestengde sinnet du går rundt med plutseleg blir til ein uventa fryd. Tenk deg at du vaknar ein morgon og endeleg forstår korleis du skal bli kvitt det absurde skjeret som ligg og kviler over alt i hop. Ekstasar er ei medrivande forteljing som ikkje handlar om å finne seg sjølv, men derimot ein heilt annan. Ekstasar er også ei forteljing om mange ulike gleder. Den kjensla som uforklarleg dukkar opp frå bak den presenningsdekte byggeplassen du nett passerte. Møter med menneske som verkar vakrare og vakrare jo meir dei gir deg å drikke. Ein tur på fjellet tidleg om morgonen. Kjensla av å få sagt det du ikkje kan sitje og halde kjeft om lenger. Ein blodig biff midt på natta. Eit hus der det er plass til alle.
Les mer
Boka handlar om ein ordførar som ein dag berre stikk av frå alt. Han kjenner ei sterk dragning til anarkistane Nadia og Jan, og den gamle klassevenninna Anne-Mona byrjar med eit å dukke opp på kontoret hans og fortelje underlege historiar. På same tid tek det innestengde sinnet hans til å vike plassen for fryd.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252168679
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
314 gr
Høyde
212 mm
Bredde
135 mm
Dybde
17 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
150

Forfatter

Relaterte produkter