Gjennom ei årrekke har forfattaren Nils Henrik Smith vist at artiklar om fotball også kan vere stor litteratur. For Smith kan eit gjørmebad i tysk fjerdedivisjon vere meir givande for sjela som ei festframsyning med Barcelona. Entusiasme og raseri er ei samling av Nils Henrik Smiths beste tekstar om fotball. Her får du glitrande essay og artiklar om alt frå den geniale Erik «Myggen» Mykland, PostNord-oppgjeret mellom Fredrikstad og Moss i 2018 til hylling av det levande oppslagsverket Arne Scheie. Boka inneheld òg eit nyskrive essay om EM 2020, som på grunn av korona blir arrangert juni 2021. Nils Henrik Smith kombinerer fotballfagleg analyse med historisk medvit, humor og ein unik stil. Nils Henrik Smith (f. 1980) er skribent og romanforfattar. Han har vunne Tarjei Vesaas' debutantpris og blei utnemnd som ein av Noregs ti mest lovande forfattarar av Morgenbladet i 2015. Han har skrive om fotball for Josimar og NRK.
Les mer
Ei folkeleg nerdebok om spelet som får fram det verste og det beste i oss. [.] I sentrum står alltid menneska, dramaet og forholdet til samfunnet omkring

Produktdetaljer

ISBN
9788234004681
Publisert
2021
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
455 gr
Høyde
212 mm
Bredde
134 mm
Dybde
29 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
312

Forfatter