Ein liten reinflokk tøygde seg som ein usikker tråd bortover dei snødekte fjellrabbane i bakgrunnen, danna ei horisontal rørsle som glei i eitt med landskapet og forsvann. Lét etter seg ei rein, kald synsrand. I ein glimt såg han for seg gravfølgjet utanfrå, ei sakte rørsle etter den snødekte vegen. Snart borte frå landskapet. Ove og han og dei to naboane som bar kista sterkt og høgt på skuldrene sine dette siste stykket. Mora som lét seg bere slik, gjennom snø, kvilande på skuldrene av sønene sine. Falle er ei samling noveller om det å miste; om å ikkje vite om ein sørgjer rett, om å erkjenne at ein ikkje sørgjer, om sjølv å ville følgje etter, om å hegne om sorga, om å sørgje over ein levande, om forboden sorg.
Les mer
Sidetall hentet fra trykt utgave

Produktdetaljer

Publisert
2015
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter