FK Rapitas er med som einaste amatørklubb i kampen om ein nasjonal tittel. I tillegg har sponsoren deira gitt dei ei reise til London som lønn for godt spel. Dei skal få sjå semifinalekampen i Champions League, mellom Petchwood United og Kick '69. Men det som skulle vere ei avslappa og hyggeleg reise forandrar seg til eit mareritt. Ei uventa hending gjer at Stein og Storm blir vikla inn i eit farleg spel av intrigar og fotballbedrag. Heldigvis har dei fotballkløkt nok til å redde situasjonen. Dei får til og med innverknad på resultatet i semifinalen! Gerard van Gemert (f. 1964) er ein nederlandsk forfattar som skriv bøker for barn og ungdom. Han har alltid vore lidenskapeleg oppteken av fotball, og då han var liten drøymde han om å bli fotballproff. Det blei han ikkje, men engasjementet for fotball tek han med seg inn i dei spennande bøkene om fotballgudane. Frå nederlandsk ved Anne Lande Peters.
Les mer
Illustrasjoner: Mark Janssen

Produktdetaljer

Publisert
2017
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Serie
Fotballgudane
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter
Oversetter
Illustratør