Slik har norsk oljehistorie aldri blitt skrive! Bli med algar ned på havsens botn. Bli med oljedropar opp i sprekker av krit. Bli med ein industriell triumfator på ski i Nordmarka. Bli med Gro Harlem Brundtland til Manhattan. Og bli med ein trassig gjeng ungdomar i rullingane utanfor Lofoten. I tradisjonelle framstillingar heiter det seg at det norske oljeeventyret byrja vesle jolaftan 1969. Kan ein framleis kalla desse 40 åra eit eventyr? Feber er spent ut mellom tvil og tru, undring og uro, velstand og verdigheit. Gudmund Skjeldal skriv med idéhistorisk perspektiv om kva førestillingar vi er fanga i som nasjon, og personleg om kor fengslande oljeeventyret trass alt er. I delen om det næraste tiåret fører statsvitaren og klimaaktivisten Unni Berge ordet, og dreier det om stikkorda kamp, og makt. Gudmund Skjeldal gav ut boka Den siste langrennaren i 2005. I 2008 kom han med Fallande snø. Med Feber avsluttar han ein slags triologi om dei menneskeskapte klimaendringane. Med Feber opnar han også for eit nytt syn på oljehistoria, som gjer oss klokare på framtida. Og rikare på leseopplevingar.
Les mer
Kan ein framleis kalla Noregs 40 år som oljenasjon eit eventyr? Denne boka er spent ut mellom tvil og tro, undring og uro, velstand og verdigheit. Forfattaren skriv idéhistorisk om kva førestillingar vi er fanga i som nasjon, og personlig om kor fengslande oljeeventyret tross alt er.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788202288570
Publisert
2009
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm
Vekt
440 gr
Høyde
212 mm
Bredde
138 mm
Dybde
27 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
347