Ein anestesisjukepleiar har teke livet av ei rekkje pasientar på ein sjukeheim for å lindre smerta deira. Han mister etterkvart kontrollen over seg sjølv og det han held på med. I et forsøk på å redde livet prøver han å skrive ut livssoga si og legitimera det han held på med. Men språket, som han heller ikkje har kontroll over, og som han trur er ein livbøye, viser seg å vere ei søkke. Arild Rein (f. 1960) er frå Stavanger. Han debuterte i 1998 med romanen Hundedagane - første band i Stavangertrilogien, som inkluderer Grisekoret (2001) og Kaninbyen (2004). Etter den hardkokte trilogien har Rein utforska andre lågsjangrar som farsen, zombi- og spøkjelsesforteljingar, og skrive dagbokdikt. Perspektivet i Rein sine tankevekkjande bøker, er alltid frekkheit nedanfrå. Rein fekk Rogaland fylkeskommunes litteraturstipend i 2001 og Sigmund Skard-stipendet i 2005. I 2008 blei Kaninbyen kåra til Europeiske Kulturhovudstads bok av innbyggjarane i Stavanger.
Les mer
Sidetall hentet fra trykt utgave

Produktdetaljer

Publisert
2016
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter