Til alle tider har Filefjell vore eit sentralt bindeledd mellom aust og vest - for folk, fuglar, dyr og planter. Tidlege kartleggarar meinte naturtilhøva på Filefjell kunne forklare viktige forskjellar i kulturen mellom aust og vest, og vasskiljet på «Fillefjeldene» blei brukt til å dele det sørlege Noreg i to. Filefjell blei sjølve symbolet på skiljet mellom aust og vest. Boka viser korleis kartlegginga av Filefjell inngjekk som ein del av nasjonsbygginga på 1800-talet. Den viser også korleis kunstnarar som J.C. Dahl og andre brukte Filefjell som ikon for den nye nasjonen, og korleis dette også var ein del av visjonen for dei første naturforskarane og fotografane som besøkte Filefjell. Naturen på Filefjell inneheld både austlege og vestlege biogeografiske element, men er i stor grad også påverka av folks bruk av areal, skog og andre ressursar i dette sentrale fjellområdet. Boka kastar lys over korleis klimaendring påverkar planter og fjellskog i dag, og korleis dei endringane som går føre seg, også kan sporast tilbake til stølsdrift og menneskeleg aktivitet. Den fortel også om turar og turmål, både når dagane og nettene blir lange. Bli med inn...
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282654821
Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Dreyers Forlag
Vekt
1410 gr
Høyde
269 mm
Bredde
250 mm
Dybde
34 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
317

Forfatter