Fjell festning vart skapt i løpet av tre hektiske krigsår. Festningsverket var ein del av Hitlers Atlanterhavsvoll som strekte seg frå Gibraltar til Finnmarskkysten. Tusentals tyske soldatar og russiske krigsfangar snudde opp ned på tilværet for innbyggjarane i Fjell. Tyske ingeniørar stod for planlegginga. Sovjetiske krigsfangar vart henta til Noreg og Vest-landet for å gjera grovarbeidet, saman med nordmenn, danskar, polakkar og andre frå Kontinentet. Om lag 2000 sovjetiske krigs-fangar var innom fjellanlegget i løpet av 1942-45. Det vart eit imponerande anlegg, med trippelkanonen frå slagkryssaren «Gneisenau» som juvelen i krona. Men det var utbygginga av eit omfattande nærforsvarsanlegg som gav Fjell Festning - eller Batterie Fjell - status som eit av dei sterkaste festningsanlegga i Nord-Europa. Kystartilleriet og det norske sjøforsvaret brukte festninga til ulike føremål fram til 2004. No er festninga i ferd med å bli restaurert. Toppen av kanonbrønnen er blitt kafé. Festninga er blitt freda krigsminne. Fjell kommune, i allianse med Sotra og Øygarden Forsvarsforening, ser for seg at Fjell festning skal bli ein stor turistattraksjon inn i eit nytt hundreår. Olav Kobbeltveit, f. 1951, har bak seg drygt tretti år i norsk presse. I 1982 kom han til Bergens Tidende, der han etter ei årrekkje som journalist innan ulike felt i 1995 vart tilsett som BTs første politiske redaktør. Etter to åremål som politisk redaktør er han i dag medlem av BTs kommentatoravdeling. Olav Kobbeltveit har tidlegare skrive bok om Krigen i Fjell (1995) og om tidlegare kulturminister Valgerd Svarstad Haugland (Samlaget i 2004).
Les mer
Fjell festning vart skapt i løpet av tre hektiske krigsår, og var ein del av Hitlers Atlanterhavsvoll, som strekte seg frå Gibraltar til Finnmarkskysten. For innbyggjarane i Fjell vart tilværet snudd opp ned av tusentals tyske soldatar og russiske krigsfangar. Det var eit anlegg der trippelkanonen frå slagkryssaren Gneisenau stod som juvelen i krona. Men det var utbygginga av eit omfattande nærforsvarsanlegg som gav Fjell Festning status som eit av dei sterkaste festningsanlegga i Nord-Europa. Fram til 2004 brukte Kystartilleriet og det norske sjøforsvaret festningen til ulike føremål. No er festningen i ferd med å bli restaurert, og er blitt freda krigsminne. Har kjelder.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788251406918
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Eide forlag
Vekt
890 gr
Høyde
290 mm
Bredde
220 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
153

Forfatter