Dikt om klima, tid og formødre Eit barnebarn reiser til landskapa bestemødrene har etterlate seg. Regnet har slutta å falle, snøen på fjellet har minka og bølgene filer seg stadig lenger inn i berget. Barnebarnet går inn i dei gamles hus og ut i naturen som omgir dei. Dei gamle sine røynsler smeltar saman med hennar eigne, og ho ser seg sjølv i det som lever vidare og det som tar slutt. Dikta skildrar redsla mange kjenner på i ei verd på vippepunktet, med tanke på både klima, økologi og dyreliv. Eg-et i samlinga kjenner ustanseleg på uro over forandringane som skal kome, og blir slik dratt inn i eit forsøk på å halde fast i tida og generasjonane som har vore før henne. bestemor lappa utslitne bukser til det ikkje var meir igjen skrapa alt smøret ut av boksen brukte den gamle mjølka i nye vaflar sa døden er naturleg men det er ei skam å døy ung Krista Lien Indrehus (f. 1989) kjem frå Bømlo i Sunnhordland og bur no i Trondheim. Ho har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. "Flør" er den første boka hennar.
Les mer
Styrken til Flør ligger i de konsentrerte betraktningene som skaper kontaktflater vi an leve oss inn i, slik det lyriske blikket allerede er sammenfletta med levende perspektiver fra ei anna tid. Kontrastene til fortida kan si oss mye om vår egen tid, og kanskje tida som skal komme.»
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234000843
Publisert
2021
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
140 gr
Høyde
226 mm
Bredde
150 mm
Dybde
8 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
60