- Prestar som slår i hel. - Bønder som drep kvarandre i fylla. - Grådige munkar som utnyttar fattigfolk økonomisk. - Bryllaupsgjester som skjeller kvarandre ut og trekkjer kniven. Det minner om sensasjonsprega avisoverskrifter, men oppslaga refererer til hendingar som ligg langt bak oss i tid. Hendingane kjem likevel tett på oss i Olav Solbergs nye bok om drapssaker, Forteljingar om drap. Boka byggjer på drapsbrev frå seinmellomalderen (1300-1550). Den gong som nå vart drapssaker etterforska, og drapsbrev er utgreiingar om kva som gjekk føre seg ved drapet. Solberg har lese desse breva, og gjennom grundige og spennande analysar kjem han mellomaldermennesket tett inn på livet. Her er blod, sveitte og tårer, skrik og skrål, rop om hemn og bøn til Gud! Solberg meiner at vi ikkje bør oppfatte seinmellomalderen som eit litterært tomrom, slik det har vore gjort. Det fanst ei sterk og livskraftig munnleg dikting - eventyr, segner, balladar, ordtak. Solberg viser at språkuttrykk - formlar - frå denne diktinga er til stades i dei gamle drapsbreva. Den gode drapsbrevskrivaren gjorde bruk av desse formlane - han skreiv med den munnlege diktinga klingande i øyra. I drapsbrevet møtest derfor skrifttradisjon og munnleg dikting. Olav Solberg skriv engasjert og levande om eit uvanleg spennande emne. Forteljingar om drap er ei gullgruve for alle som har sans for gode kriminalhistorier, som er interesserte i litteratur, kultur, språk og historie. Olav Solberg (f. 1942) har vore tilsett i NRK - radio, har vore lektor ved Bergen lærarskole, og professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo. Olav Solberg er i dag professor ved Høgskolen i Telemark. Han har tidlegare publisert Den omsnudde verda. Ein studie i dei norske skjemteballadane (1993), Tekst møter tekst. Kristin Lavransdatter og mellomalderen (1997) og Norsk folkedikting. Litteraturhistoriske linjer og tematiske perspektiv (1999), forutan ei rad arbeid om litterære og kulturelle emne.
Les mer
Gjennom grundige analysar av drapsbrev frå seinmellomalderen (1300-1550) kjem forfattaren mellomaldermennesket tett inn på livet. Han meiner tida for å oppfatte seinmellomalderen som eit litterært tomrom er over. Det fanst ei sterk og livskraftig munnleg dikting - eventyr, sagn, balladar, ordtak. Uttrykk frå denne diktinga finn vi att i dei gamle drapsbreva. I drapsbrevet møtes skrifttradisjon og munnelg dikting. Med litteraturliste og personregister.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788276749717
Publisert
2003
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Vigmostad & Bjørke AS
Serie
LNUs skriftserie
Vekt
494 gr
Høyde
242 mm
Bredde
171 mm
Dybde
14 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
252

Forfatter