Det er ei gåte korleis Argentina i det 20. hundreåret gjekk frå å vera eitt av dei rikaste landa i verda til å bli nærast underutvikla. Frå Evita til Cristina er ei bok som freistar å gi svar på korleis det kunne skje. Boka gir deg samstundes innsiktsfulle analysar og historiske tilbakeblikk for å forstå kva som skjer i eitt av dei viktigaste landa i Latin-Amerika. Argentina har vore som eit laboratorium der ein har prøvd ut ulike ideologiar. I denne boka tek Johannes Nymark særleg opp tre eksperiment: anarkismen, som hadde som mål å skapa eit idealsamfunn; peronismen, som skulle vera eit alternativ til både kapitalisme og kommunisme; og nyliberalismen, som enda i finanskrise og sosialt opprør i 2001. Desse tre eksperimenta blir analyserte med ei mengd fakta, nye opplysningar og innfallsvinklar, som ikkje er så godt kjende i vår del av verda. Dessutan tek Nymark opp mytologiseringa av tangoen med Gardel, politikken med Evita og fotballen med Maradona. Johannes Nymark (fødd 1949) har i heile sitt vaksne liv studert historia og følgt utviklinga i Latin-Amerika. Det har han gjort både i forsking og undervisning, først ved Universitetet i Oslo og sidan ved Norges Handelshøyskole, og som solidaritetsarbeidar, mellom anna i Latin-Amerika-gruppene i Noreg. Nymark har skrive fleire artiklar om Latin-Amerika i dagspresse og i tidsskrift, og han har gitt ut læreboka Historia de España y de Hispanoamérica på Fagbokforlaget (1994). «Nymarks bok er spesielt verdifull fordi den både trekker historiske linjer, slår ned på viktige samfunnsforhold og setter det hele inn i ideologiske rammer.» - Henry Notaker, forfattar og tidlegare utanriksreporter i NRK «Johannes Nymark skildrar desse drastiske ideologiske eksperimenta med stor kunnskap og på ein måte som gir dei allmenn interesse.» - Kjartan Fløgstad, forfattar
Les mer
Boka tar for seg Argentina på 1900-talet, og ser på korleis landet gikk frå å vere eit av dei rikaste landa i verda, til å bli nærast underutvikla. Landet har vore utsett for forsøk med forskjellige ideologiar, og forfattaren ser på anarkismen, peronismen og nyliberalismen. Med litteraturliste.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788245007138
Publisert
2008
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
394 gr
Høyde
212 mm
Bredde
138 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
268

Forfatter