På slutten av 1800-talet byrja åttringen og bankskøytene å få konkurranse frå dampdrivne fiskefarty. Det skulle ikkje gå mange åra før årar og segl vart erstatta med dampmaskiner og motorar til framdrift av fiskefloten. Kring år 1900 byrja ei sterk utbygging av dampskipsfloten på Sunnmøre. Ei stund hadde også landsdelen bortimot halvparten av alle dampdrivne fiskebåtar her i landet. Den nye båttypen kravde meir kapital enn den tradisjonelle fiskarbonden kunne makte. Det vart difor særleg handelsmenn med tilknyting til fiskerinæringa som skulle bli føregangsmenn i overgangen til dampdrift. I denne boka får vi historia, frå "vogge til grav", til mange av dei båtane som var sentrale i denne store og viktige omlegginga av fiskerinæringa.
Les mer
Denne boka fortel historia til eit utval av fiskedampskip som kom til Sunnmøre før 1908. Desse skipa var sentrale i omlegginga frå årar og segl til dampmaskinar, og i boka får vi deira historie, frå "vogge til grav". Med båtregister.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788299533089
Publisert
2008
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fotoarkivet
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
144

Forfatter