I perioden frå 1660 til 1884 gjekk styreforma i Noreg frå einevelde til aukande grad av folkestyre. Hendingane i 1814 bidrog sjølvsagt til dette, men kor viktig var eigentleg 1814 i utviklinga av det folkestyret som blei knesett med parlamentarismen i 1884? Var det element av folkeleg politisk medverknad også i einevaldstida? Og blei autoritære trekka vidareførte også etter 1814? I denne boka gir Knut Dørum eit oversyn over endringar i styreform og politisk kultur i tidsrommet 1660 til 1884, der endringane knytte til året 1814 er sentrale. Når det gjeld folkeleg politisk kultur og demokratisering, har mykje ny kunnskap komme fram i samband med fleire større forskingsprosjekt på 1814 og demokrati. Samla sett har ein i desse forskingsprosjekta fått fram ei større breidde og variasjon i den folkelege politiske kulturen enn tidlegare antatt, og då særleg for tida før 1814. Slik blir denne boka også ei oppsummering av den nyaste forskinga på dette feltet.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252184624
Publisert
2016
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
480 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
220

Forfatter